Hopp til innhald

Sigbjørn Bernhoft Osa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. september 2009 kl. 01:32 av HallvardLid (diskusjon | bidrag) (Fjerna kategori "Vossingar"; La til kategori "Folk frå Voss" (vha. HotCat))

Sigbjørn Bernhoft Osa (fødd 3. mai 1910 i Ulvik i Hardanger, død 2. februar 1990) var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa. Sigbjørn spela både fiolin og hardingfele og var den mest kjende utøvaren på det sistnemnde instrumentet i det 20. hundreåret.


Livsverk

Osa vart fødd i Ulvik, men familien budde i nokre år i Valle i Setesdal før dei flytte til Voss. Faren Lars Osa spela fele, og det viste seg snart at sonen hadde talent. Bernhoft Osa flytte til Oslo for å få fiolinutdanning av Bjarne Brustad som 16-åring. I 1920 til 1930 var han elev på ein orkesterskule i Bergen, og i 1931 - 32 fortsette han fiolinstudia sine i Berlin. og debuterte som fiolinist i Oslo i 1937. Like etter andre verdskrigen fekk han stilling som fiolinist i det som skulle verta Kringkastingsorkesteret, samtidig med at han spelte i fleire andre orkester.

Etter kvart byrja Bernhoft Osa å satsa for fullt på hardingfele. Han gjorde ei rekkje innspelingar på grammofon både som solist og med orkester og heldt mange konsertar og turnear både i Noreg, Europa og USA. Som ein av dei første folkemusikarane i Noreg let han musikken sin få samklang med moderne musikalske uttrykksformer, som t.d. i samarbeidet sitt med popgruppa «Saft» frå Bergen. Han hadde ei rekkje framføringar både i radio og fjernsyn, og var elles ein etterspurd foredragshaldar.

Osa hadde i ei årrekkje tillitsverv i Voss Spelemannslag og i Landslaget for spelemenn. Osa var initiativtakar til, og musikalsk leiar for Ole Bull Akademiet på Voss, som gjev undervisning i norsk folkemusikk. Han vart elles utnemnd til æresborgar av staten Washington i 1968, fekk Norsk kulturråds ærespris i 1976, Spellemannsprisen sin heiderspris og Torkjell Haugerud-prisen med gullmedalje.

Sigbjørn Bernhoft Osa var far til skodespelaren Liv Bernhoft Osa.


Bøker av Bernhoft Osa

  • Hardingfela, (1952)
  • Spelmannsliv, (1979) i samarbeid med Jostein Mæland.


Kjelder