Byfylke
Ein by på fylkesnivå er i kinesisk samanheng ei politisk territoriell eining på tredje nivå.
I Folkerepublikken Kina er det to administrative inndelingar på to høgare nivå enn dette. Øvste inndeling er på provinsnivå, og nest øvste nivå er einingar på prefekturnivå.
På det tredje nivået, som kallast einingar på fylkesnivå, er det også andre einingar med annan nomenklatur, som fylke, autonome fylke, bannarar, autonome bannarar og distrikt.
Byfylkeregjering
Ettersom Det kinesiske kommunistpartiet er den sentrale statsberande regjeringsinstitusjonen i heile Fastlandskina, har alle territorielle politisk nivå ein lokal partikomite. Det finst dessutan ei Folkeregjering for byfylka. Ofte er det ei betydeleg overlapping av personkretsen for dei to parallelle leiingane.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |