Anemi
Anemi (gresk αναιμία, anemía, «utan blod») er eit nivå på raude blodlekamar og/eller hemoglobin som er lågare enn normalt. Ein rekner òg som anemi om hemoglobinet har mindre evne til å frakte oksygen.
Dette gjer at lekamen får mindre oksygen enn han treng. Teikn på dette er bleik hud (usikkert) og slimhinnar (sikkert), at en er mykje trøtt, har mindre yteevne, dårlegare konsentrasjonsevne, hjarteklapp, hovudverk, blir svimmel og kan bli kortposten ved anstrenging. I tillegg kan det kome symptom frå sjukdommen som ligg til grunn for anemien. Anemi er aldri ein sjølvstendig diagnose, men alltid symptom på ein annan tilstand.
Typar anemiar
Patofysiologisk kan me dela anemiane inn i dei som kjem av auka forbruk av raude blodlekamar (og nokre andre orsaker) og dei som kjem av endra produksjon av raude blodlekamar i beinmargen. Denne lista er ikkje fullstendig.
- Anemi på grunn av auka forbruk av blodlekamar (regenerativ anemi)
- Akutte og kroniske blødningar (utan jernmangel)
- Hemolytisk anemi
- Korpuskulær (orsak i blodlekamen)
- Defektar i membranen til blodlekamen: Sfærocytose, Elliptocytose
- Enzymdefektar: Glucose-6-PDH-mangel, Pyrovatkinasemangel
- Paroxysmal nattleg Hematuri
- Ekstrakorpuskulære (orsak utanfor blodlekamen)
- Immunhemolyse (øydelegging orsaka av immunreaksjon, til dømes Rhesus-immunisering hjå nyfødde)
- Mekaniske orsaker
- Forgiftingar (til dømes cyanid og karbonmonoksid)
- Hyperspleni (forstørra milt)
- Infeksjonar
- Anemi på grunn av feil i framveksten av blodlekamar
- Forstyrring i hemoglobinsyntesen
- Jarnmangel
- Hemoglobinopatiar: Thalassemi, Sigdcelleameni
- Stamcellefeil
- Nedsett beinmargsfunksjon
- Renal anemi (orsaka av mangel på erythropoetin
- Mangel på vitamin B12 eller folat (vitamin B9)
- Juvenil reumatoid artritt/systemisk lupus erythematosus
- Forstyrring i hemoglobinsyntesen
Diagnostikk av anemi
(dette er ei ufullstendig liste)
- Basisprøvar: Utstryk, Hemoglobin, tal på raude blodlekamar, hematokritt, tal på retikulocyttar, tal på kvite blodkroppar m/ differesialtelling, tal på blodplatar, ferritin
- Hemolyse: Haptoglobin, LD, bilirubin
- Mangeltilstandar: Jernstatus (s-jern, TIBC, eventuelt jarnbelastning), Vitamin B12, folat i serum/fullblod, malabsorbsjonsutredning
- Eventuelt beinmargsundersøking (leukemi, beinmargssvikt)
- Eventuelt infeksjonsutreidning.
Sjå òg
- Polycytemi (ufysiologisk mange raude blodlekamar)
- Leukocytopeni (sjukeleg få kvite blodlekamar)
- Trombocytopeni (sjukeleg få blodplater)