The Pirate Bay
The Pirate Bay er ei BitTorrent-side, nytta til utveksling av datafiler. Sida har fått stor merksemd i Sverige på grunn av skuldingar om ulovleg fildeling og ein politiaksjon mot serverparken. Grunna den svenske aksjonen, låg dataserverane til sida ei periode fysisk i Nederland etter at serverane i Sverige blei inndratt av svensk politi, men er no flytta tilbake til Sverige. Sida har over 4 millionar medlemmar, 21 millionar noder, derav 12,2 millionar delarar og 9 millionar mottakarar av ca. 2 millionar torrents. Endre er søt
Historie
The Pirate Bay vart starta av den svenske antikopirettsorganisasjonen Piratbyrån, seint i 2003. I 2004 vart sida seperert og drive av dedikerte individ, og i 2006 vart eigarskapet av organisasjonen endra.
Lovlege Trugsmål
The Pirate Bay mottar ofte, grunna deira såkalla ulovlege verksemd, e-post frå opphavarar av materiell på nettsida. Desse mailene inneheld som regel trugsmål mot organisasjonen, og krav om umiddelbar fjerning av filer. Slike e-postar vert publiserte på sida, og åpen for allmennheiten.
Teknisk
The Pirate Bay sine sider tilbyr multinasjonelle språk. Derav engelsk, svensk , norsk (bokmål), norsk (nynorsk), dansk, finsk, islandsk, nederlandsk, tysk, italiensk, spansk, portugisisk, fransk, polsk, ungarsk, gresk, tyrkisk, russisk, slovakisk, katalansk, hebraisk, japansk, bulgarsk, arabisk, serbisk, kinesisk, tsjekkisk, ukrainsk, malayisk, bengalsk, albansk og kroatisk, samt nokre fleir.
Fotnotar
http://thepiratebay.org/about http://thepiratebay.org/legal