Oklahoma
Oklahoma | |||
delstat | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Oklahoma 35°30′N 98°00′W / 35.5°N 98°W | |||
Wikimedia Commons: Oklahoma |
Oklahoma (uttalt: /ˌoʊkləˈhoʊmə/)[1] er ein delstat som ligg i den sørlig-sentrale regionen i USA. Oklahoma City er staten sin hovudstad og største by. Med ca. 3,5 millioner innbyggjarar er Oklahoma den 28. mest folkerike staten i USA. Staten blei oppretta frå Indianerterritoriet sine område 16. november 1907, og blei den 46. staten som blei med i unionen. Staten sitt navn skriv seg frå dei to Choctaw-orda okla og humma, som betyr «det raude folk». Namnet blei vald av Allen Wright, sjef for Choctawnasjonen.[2]
Som ein stor produsent av naturgass, olje og mat, baserar Oklahoma seg på dei økonomiske sektorane: luftfart, energi, telekommunikasjon og bioteknologi.[3] Staten sin økonomi er i ein sterk vekstperiode, og Oklahoma er blant dei leiande statane når det gjeld vekst i bruttonasjonalproduktet.[4][5] I tillegg er auken i BNP per innbyggjar tredje størst i landet. Oklahoma City og Tulsa er Oklahomas største økonomiske basar. Oklahoma kan kallast ein urbanisert stat, då heile 60 % av innbyggjarane bur i urbaniserte metropolområde.
Med sine små fjellrekkjer, præriar og austlege skogar, ligg mesteparten av Oklahoma i regionane Great Plains og Ozark Highlands. Sistnemnde er spesielt utsett for torever.[6] Det er folk med tysk, irsk og innfødd amerikansk avstamming som dominerar det etniske biletet i staten, og det blir snakka meir enn 25 innfødde språk i staten, eit tal som overgår alle andre statar.[7] I dag fins det meir hovudkvarter for indianarstammer i denne staten enn i nokon annan. Oklahoma er lokalisert i eit område kor tre kulturelle regionar møtast, og historisk sett har staten vore ein destinasjon for kvegfarmarar, ein destinasjon for sørlege nybyggjarar og eit stadfesta territorium for innfødde amerikanarar. Religiøst sett er staten ein del av bibelbeltet, eit område kor konservativ evangelisk kristendom har ein dominerende posisjon. Staten er altså kjend for å vere konservativ, men på tross av det har det meir liberale demokratiske partiet meir registrerte stemmar enn det konservative republikanske.
Kjende personer frå Oklahoma
Kjelder
- ↑ «Oklahoma - Definitions from Dictionary.com». Dictionary.com. Henta 10. august 2007.
- ↑ Oklahoma State History and Information
- ↑ «Oklahoma at a Glance» (pdf). Oklahoma Department of Commerce. Henta 1. august 2007.
- ↑ «State Personal Income 2006». United States Department of Commerce. 2007-03-27. Henta 5. august 2007.
- ↑ «Gross Domestic Product by State (2005-2006)» (pdf). Oklahoma Department of Commerce. Henta 1. august 2007.
- ↑ TravelOK
- ↑ Sedl.org