Gjerdesmett
Gjerdesmett | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Gjerdesmett Gjerdesmett (fotografert av Svein Jan Hjelmeset.) | ||||||
Systematikk | ||||||
|
Gjerdesmetten syng heile året.Han er ein av dei minste fuglane i Europa. Han er berre 9,5 cm lang og han er standfugl som greiar seg igjennom den kalde vinteren i Noreg. Fuglen er utbreidd over det meste av Sør-Noreg, men han er meir sjeldan i Nord-Noreg. Og i dei milde kyststroka på vestlandet er han å sjå året.
Gjerdesmett
Gjerdesmetten er lys på buken og brun på oversida, vingene og ryggen. Særmerket er av stjerten alltid står rett opp. Ho- og hannfuglen har same farge.
Reir
Fuglen elskar «rotete» terreng. Reiret er overbygd og har inngang frå sida (sjå bilda). Han byggjer 3-4 reir. Ho-fuglen vel seg ut eit av dei, og kler det med fjør og dun. Reiret blir brukt om vinteren til overnatting for å unngå kulde. 2-3 kan overnatte i eit reir. Opptil 10 gjerdesmettar kan overnatte i ei fuglekasse. Etter at gjerdesmett ungane er klekka er dei flygedyktige etter 15 -18 Dagar. Gjerdesmetten har ofte to kull. Fargen på egga er kvite med raudbrune flekkar. Det første kullet kjem mai og det ander kjem som oftast i juni-juli. Gjerdesmetten rugar i 15 - 17 (12 - 20) dagar. Gjerdesmetten er insekteter men han et også litt bær. Standfugl.
Sang
ⓘ har ein avansert og fin sang
Klarte du ikkje spele av lyden sjå her: Wikipedia:Avspeling