Det muslimske brorskapet
Utsjånad
Det muslimske brorskapet er ei islamistisk rørsle som vart grunnlagt av Hassan al-Banna i Egypt i 1928. Brorskapet talar for ein ikkje-valdeleg, reformistisk islamisme, og arbeider for eit meir opent og demokratisk politiskt system i Egypt. Dei har forgreiningar i heila arabarverda.
Brorskapet er Egypts største opposisjonsrørsle, til tross for at organisasjonen har vore forboden sidan 1954. Medlem i brorskapet gjorde det godt i det egyptiske parlamentsvalet i 2005 og hadde 20 % av plassane i det egyptiske parlamentet. Sidan partiet framleis er ulovleg, er medlemmene valde som uavhengige kandidatar.
Ein av dei viktigaste ideologane i partiet var Sayyid Qutb, som la fram mange viktige grunnprinsipp i si bok Milepålar.
Bakgrunnsstoff
- Det muslimske Brorskapets offisielle heimside. På engelsk.