Hopp til innhald

Samisk språkforvaltingsområde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 14. november 2011 kl. 18:16 av Knut (diskusjon | bidrag) (Oppretta sida med «'''Samisk språkforvaltingsområde''', eller '''forvaltingsområdet for samisk språk''' eit område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og s...»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Samisk språkforvaltingsområde, eller forvaltingsområdet for samisk språk eit område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlege organ i kommunane pliktar å leggje tilrette for bruk av samisk språk. Dei som brukar samisk språk når dei kontaktar eit offentleg organ innan forvaltningsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk. Den norske kyrkja skal innanfor forvaltingsområdet yte individuelle kyrkjelege tenester på samisk. Kongen fastset kva for norske kommunar som skal inngå i det samiske språkforvaltingsområdet.[1]

Ni kommunar er med i det samiske språkforvaltningsområdet: Nesseby, Tana, Karasjok, Porsanger, Kautokeino, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord og Snåsa kommunar.[2]

Kjelder