Tom Levorstad
Tom Levorstad fødd 5. juli 1957 er ein norsk, tidlegare skihoppar som var medlem av Kråkstad Idrettslag. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging i Oberstdorf i 1981. Same sesongen fekk han sølv under NM i stor bakke, bak Roger Ruud.
Levorstad gjorde det relativt sett best i store hoppbakkar. Ti gongar var han mellom dei ti beste i verdenscuprenn, og heile ni av desse var i storbakkerenn. Beste verdscupplasseringa var ein tredjeplass i Saint-Nizier i Frankrike i februar 1980. I den første sesongen med verdscup, 1979/80, kom Levorstad på 12. plass totalt. Same sesongen hoppa han 105 m og sette bakkerekord i Holmenkollbakken.
Levorstads største prestasjon var bronsemedaljen i verdsmeisterskapen i skiflyging i 1981, der han berre hadde finnen Jari Puikkonen og austerrikaren Armin Kogler framom seg på resultatlista.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
- 1980: Tredjeplass i Saint Nizier
- 1981: Bronsemedalje under verdsmeiesterskapen i skiflyging i Oberstdorf
- 1982: Nr 14 i Lahti
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- 1978: Nr 7 i både normalbakken på Konnerud og i storbakken på Lillehammer
- 1979: Nr 6 i storbakken i Bærum
- 1980: Nr 7 i normalbakken i Asker
- 1981: Sølvmedalje i storbakken på Odnes
- 1982: Nr 7 i både normalbakken på Raufoss og i storbakken på Rena
Lenke
- (en) Tom Levorstad – Profil og resultatoversikt hos FIS