Hopp til innhald

Euro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. januar 2012 kl. 14:38 av 178.232.69.224 (diskusjon)
Euro

LandAndorra, Austerrike, Belgia, Estland,
Finland, Frankrike, Hellas, Irland,
Italia, Kosovo, Kypros, Luxembourg,
Malta, Monaco, Montenegro, Nederland,
Portugal, San Marino, Slovakia, Slovenia,
Spania, Tyskland, Vatikanstaten
Delt i100 cent
ValutakodeEUR
Innført1. januar 1999 (elektronisk valuta)
1. januar 2002 (myntar og setlar)
Myntar1 cent, 2 cent, 5 cent, 10 cent,
20 cent, 50 cent, 1 euro, 2 euro
Setlar5 euro, 10 euro, 20 euro, 50 euro,
100 euro, 200 euro, 500 euro
Land som brukar euro.
Euro mot sambandsstatsdollaren frå 1999 til 2004.
Eurosymbolet med offisielle fargar.

Euro () er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i 17 EU-land (kjent som Eurosonen) i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino, Montenegro, Kosovo og Vatikanstaten. Litauisk litas har låst kursen i høve euro.

Historie

Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.

I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei land som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia gått over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil ventelege på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sett.

Pengane

1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.

Eurosonen

Euro er primært valuta i eurosonen som består av 17 EU-land.

Euro-symbolet føre den europeiske sentralbanken i Frankfurt
# EU-land Innført
1  Belgia 1. januar 1999
2  Estland 1. januar 2011
3  Finland 1. januar 1999
4  Frankrike 1. januar 1999
5  Hellas 1. januar 2001
6  Irland 1. januar 1999
7  Italia 1. januar 1999
8  Kypros 1. januar 2008
9  Luxembourg 1. januar 1999
10  Malta 1. januar 2008
11  Nederland 1. januar 1999
12  Portugal 1. januar 1999
13  Slovakia 1. januar 2009
14  Slovenia 1. januar 2007
15  Spania 1. januar 1999
16  Tyskland 1. januar 1999
17  Austerrike 1. januar 1999

Euro er òg offisiell valuta i seks statar og éit område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosonen. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.

Små statar og område Valuta
 Andorra Erstatta fransk franc og spansk peseta med euro den 2002-01-011. januar 2002

[1] [2]

 Monaco Erstatta fransk franc med euro den 2002-01-011. januar 2002 [3], kan prege euromynter.
 San Marino Erstatta italiensk lire med euro den 2002-01-011. januar 2002 [4], kan prege euromynter.
 Vatikanstaten Erstattet italiensk lire med euro den 2002-01-022. januar 2002 [5] [6], kan prege euromynter.
Det britiske flagget Akrotiri og DhekeliaKypros Erstatta kypriotisk pund med euro den 2008-01-011. januar 2008
Land fra det tidligere Jugoslavia Valuta
 Kosovo I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark i det sørlege Kosovo. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002
 Montenegro I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark. Tyske mark vart erstatta med euro den 2002-01-011. januar 2002

Danmark, Storbritannia og Sverige

Maastricht-traktaten tredde i kraft den 1993-11-011. november 1993 vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosonen. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.

Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den 1999-01-011. januar 1999, men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakket om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Euro

Fotnotar

  1. 2004/548/EC: Council Decision of 11 May 2004 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Andorra, 11. mai 2004
  2. 2004/750/EC: Council Decision of 21 October 2004 on the opening of the negotiations on an agreement concerning monetary relations with the Principality of Andorra, 21. oktober 2004
  3. 1999/96/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Monaco, 31. desember, 1998
  4. 1999/97/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Republic of San Marino, 31. desember, 1998
  5. 1999/98/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with Vatican City, 31. desember, 1998
  6. 2003/738/EC: Council Decision of 7 October 2003 on the adoption of amendments to be made to Articles 3 and 7 of the Monetary Convention between the Italian Republic, on behalf of the European Community, and the Vatican City State, represented by the Holy See, and authorising the Italian Republic to give effect to these amendments, 7. oktober 2003


Mal:Link AA Mal:Link AA Mal:Link FA Mal:Link FA