Hopp til innhald

Marian Keyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. januar 2012 kl. 14:51 av 178.232.69.224 (diskusjon)

Marian Keyes, fødd 10. september 1963, er ein populær irsk forfattar, sett på som ein av grunnleggjarane av forteljingar som handlar om unge, einslege, yrkesaktive kvinner, på engelsk kalla «chick lit». Den første romanen hennar, Watermelon, vart utgjeven i Irland i 1995. Seinare har ho gjeve ut sju andre romanar og to samlingar faglitteratur, og bøkene hennar er omsette til 30 språk og selde i tilsaman 15 millionar eksemplar.

Biografi

Marian Keyes vart fødd i Limerick i Irland, og voks opp i Dublin. Ho tok ein juridisk eksamen ved University College Dublin, drog så til London der ho først fekk arbeid som servitør, seinare som bokhaldar. Der byrja ho å skriva noveller, men fekk ikkje desse utgjevne, utgjevaren ville heller at ho skreiv ein roman. Ho skreiv då romanen Watermelon (Vannmelon), og karrieren som forfattar var i gang.

Utgjevingar

Romanar

Marian Keyes har opplyst i nyheitsbrevet sitt at den neste boka hennar vil få tittelen The Brightest Star In The Sky, og vil verta utgjeven seint i 2009[1].

Faglitteratur

  • Under the Duvet (2001)
  • Further under the Duvet (2005)

Referanse

Bakgrunnsstoff