Hopp til innhald

Surinam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. mai 2012 kl. 04:17 av MerlIwBot (diskusjon | bidrag) (robot la til: ce:Суринам)
Republiek Suriname

(norsk: Surinam, surinamsk)

Det surinamske flagget Det surinamske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God zij met ons Suriname»
Motto Latin: Justitia - Pietas - Fides (Rettferdigheit - Gudfryktigheit - Truskap)
Geografisk plassering av Surinam
Offisielle språk Nederlandsk
Hovudstad Paramaribo
Styresett
Republikk
Dési Bouterse
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
163 820 km² (91.)
1,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
591 919 (166.)
3,6 /km² (190.)
Sjølvstende
Frå Nederland
25. november 1975
Nasjonaldag 25. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
9 211 mill. USD (155.)
17 800 USD (75.)
Valuta Surinamsk dollar
Tidssone UTC -3
Telefonkode +597
Toppnivådomene .sr


Surinam, offisielt Republikken Surinam, er ein tidlegare nederlandsk koloni i Sør-Amerika, som grensar til Atlanterhavet i nord, Guyana i vest, Brasil i sør og Fransk Guyana i aust.

Kart over Surinam

Klima

Klimaet i Surinam er fuktig, tropisk med ein jamn temperatur (27 ºC) året rundt og ein årsnedbør på 1500-2000 mm, minst i sørvest. Atlanterhavskysten av Surinam er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mai til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.

Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehageleg.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Surinam» på Wikipedia på bokmål/riksmål.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Surinam