Hopp til innhald

Lillestrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. juni 2012 kl. 22:30 av Thesam (diskusjon | bidrag)

Lillestrøm er ein by i Skedsmo kommune i Akershus fylke. Byen ligg to mil aust for Oslo, og grensar mot tettstadane Strømmen, Skjetten, Fjerdingby, Fetsund og Kjeller. Fram til 1908 var Lillestrøm ein del av gamle Skedsmo kommune. I 1908 vart kommunane Lillestrøm og Lørenskog skilt ut, men til i 1961 vart Lillestrøm slått saman med Skedsmo kommune.


Lillestrøm er saman med Sandvika og Drøbak dei einaste tettstadane i Akershus som har vedtatt bystatus, (men var åleine om dette frå 1997 til 2003), og har kring 14000 innbyggjarar. Tømmerfløting og sagbruk må tilleggjast hovudæra for at Lillestrøm voks fram som eit sentrum, difor har òg byen kallenamnet "Flisbyen".

Nitelva renn gjennom og attmed byen, gjennom eit våtmarksområde og ut i innnsjøen Øyeren. Terrenget er sers flatt, og ved fleire høve har elvevatnet flauma inn i byen. Men etter at ei avlaupstunnel frå Øyeren vart sprengt ut, kunne vasstanden i innsjøen regulerast betre i flaumperiodar, og byen har vorte spart for flaumskadar.

Lillestrøm har namn etter garden Lille Strøm, der den første stasjonen på Hovedbanen mellom Christiania og Eidsvoll opna i 1854. Seks år seinare starta dei første dampsagene opp, og Lillestrøm opplevde ei eksplosjonsarta auke i folketalet på grunn av industrialiseringa. I ei tid på om lag 100 år var trelastindustri og jernbanen dei dominerande faktorane i dagleglivet i byen. Oslo-området fekk sin første flyplass på Kjeller rett ved Lillestrøm i 1913, og forskningsmiljøa som oppstod kring Kjeller flyplass utgjer eit viktig kompetansesentrum.

Næringsliv

I Lillestrøm ligg Norges Varemesse, som vart flytta hit til nye og moderne lokale frå Sjølyst i Oslo . Exporamasenteret ligg ikkje langt frå Lillestrøm, på Hellerudsletta ved Skjetten.

Samferdsle

Lillstrøm stasjon er ein viktig sams stasjon for dei tre jarnbanebanene Gardermobanen, den gamle Hovedbanen, som no er lokalbane på strekninga mellom Oslo og Dal, og Kongsvingerbanen. Kongsvingerbanen, som gjeng ut frå Lillestrøm stasjon mot Kongsvinger og riksgrensa, er ei strekning på jarnbanen mellom Oslo og Stockholm.

Kultur

Akershus Teater har sete i byen.

Idrett

Fotballklubben i Lillestrøm er Lillestrøm Sportsklubb, som eig og spelar heimekampane på Åråsen stadion.