Hopp til innhald

Austersjøfinske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. september 2004 kl. 16:58 av Olve Utne (diskusjon | bidrag) (Henta frå NO.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Dei austersjøfinske språka er ei gruppe av nærslekta finsk-ugriske (og dermed uralske) språk som blir tala i området kring Austersjøen. To austersjøfinske språk, finsk og estisk, er offisielle språk i eigne nasjonalstatar. Dei fleste andre austersjøfinske språka har berre ein handfull brukarar att og er i ferd med å døy ut. Det sørlegaste austersjøfinske språket er livisk, som er eit minoritetsspråk i Latvia. Dei næraste slektningane til dei austersjøfinske språka er samisk.