Bolzano-provinsen
Nasjon | Italia |
Region | Trentino-Alto Adige |
Hovudstad | Bolzano |
Areal | 7 400 km² |
Folketal (2006) | 487 673 |
Folketettleik | 66/km² |
Kommunar | 116 |
Bilnummer | BZ |
Postnummer | 39XXX |
Retningsnummer (tlf) | 0471, 0472, 0473, 0474 |
President | Luis Durnwalder |
Plasseringa til Bolzano i Italia |
Provinsen Bolzano, stundom kalla Alto Adige eller Sør-Tyrol (italiensk Provincia autonoma di Bolzano; tysk Autonome Provinz Bozen; ladinsk Provinzia autonòma de Balsan), er ein av to autonome provins i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Hovudstaden er byen Bolzano. Han har eit areal på 7 400 km² og totalt 487 673 innbyggjarar (2006). Det er 116 kommunar i provinsen.
Regionen er kjend for fjella sine, som Dolomittane som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.
Geografi
Provinsn Bolzano ligg heilt nord i Italia og grensar til Austerrike i aust og i nord og til Sveits i vest. Dei italienske provinsane Belluno, Trento og Sondrio ligg høvesvis i søraust, sør og sørvest.
Fjell
Fjella dominerer landskapet og dei fleste av desse høyrer til Alpane. Den mindre gruppa Ortleralpane vert rekna som sentrum av dei italienske Alpane. Her finn ein fjellet Ortler, med ei høgd på 3 905 meter over havet. Dolomittane er ei anna fjellkjede i provinsen. Fjellet Sciliar (2&nsbp;563 moh) er ein del av denne fjellkjeda.
Andre fjell i provinsen er
Historie
Provinsen Bolzano vart oppretta i 1919 etter at området vart annektert av Italia. Det var tidelgare ein del av Tyrol i Austerrike-Ungarn. Området fekk ein autonom status etter den andre verdskrigen slik at det i dag stort sett er sjølvstyrt. [1]
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- ↑ Anthony Alcock. «The South Tyrol Autonomy. A Short Introduction» (PDF). Henta 14. november 2007.
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Bolzano-Bozen frå Engelsk Wikipedia .