Hopp til innhald

Sommar-OL 1896

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 10. august 2012 kl. 14:10 av Altijd (diskusjon | bidrag) (Nasjonar: meir frå da/en)
Dei 1. olympiske sommarleikane

Framsida til rapporten frå leikane.
Vertsby Aten i Hellas
Nasjonar 14
Øvingar 43
Idrettsgreiner 9
Opna 25. marsjul./ 6. april 1896greg., av Georg I av Hellas
Avslutta 3. apriljul./ 15. april 1896greg.
Utøvarar
Menn 241
Kvinner 0
Totalt 241
Dei olympiske sommarleikane
Paris 1990

Sommar-OL 1896, offisielt Dei 1. olympiske sommarleikane, vart halde i Aten i Hellas. Dette var dei 1. olympiske leikane som vart haldne i moderne tid, etter at Den internasjonale olympiske komite (IOK) vart stifta i 1894. Grekarane hadde lita erfaring med å arrangera store idrettsstemne, og mangla òg pengar i byrjinga, men dei fekk til slutt alt klårt i tide for leikane.

Etter leikane vart føregangsmannen Pierre de Coubertin og IOK bedne av fleire, mellom anna kong Georg I av Hellas og fleire amerikanske utøvarar, om at OL alltid måtte haldast i Aten. Men sommar-OL i 1900 var allereie tildelt Paris, og det skulle gå 108 år før Aten att vart vertsby for leikane i 2004. Hellas arrangerte likevel leikane i 1906, men desse er ikkje offisielt anerkjend av IOK.

Opningsseremonien

Opningsseremonien på Panathinaïkó Stádio.

25. marsjul./ 6. april 1896greg. vart dei 1. olympiske sommarleikane offisielt opna. Hellas nytta på den tida den julianske kalenderen og det var dimed påskedag for både vestlege og austlege kristne kyrkjar og årsdagen for sjølvstende til Hellas.[1] Panathinaïkó Stádio var fylt med om lag 80 000 tilskodarar, inkuldert kong Georg I av Hellas, dronning Olga av Hellas og sønene deira. Etter ein tale frå presidenten i organisasjonskomitéen, kronprins Konstantin av Hellas, vart leikane offisielt opna av kong Georg I av Hellas:[2]

«Eg erklærer opninga av dei 1. olympiske leikane i Aten. Lenge leve nasjonen. Lenge leve det greske folket.»

Etterpå framførde ni musikkgrupper og 150 korsongarar ein olympisk hymne, komponert av Spyrídon Samápas, og med tekst av diktaren Kostís Palamás. Hymnen har sidan 1958 vore den offisielle OL-hymnen.[2]

Nasjonar

Nemninga «landslag» var ikkje ein stor del av den olympiske rørsla før ti år seinare. Ifylgje IOK var det 14 nasjonar og tre blanda lag. Nokre meiner det berre var tolv nasjonar, unteken Chile og Bulgaria, andre meiner det var 13, inkludert dei to, men unteken Italia. Egypt er òg nokre gonger inkludert på grunn av deltakinga til Dionýsios Kásdaglis. Belgia og Russland skulle ha delteke, men trekte seg.

Europa (248)
Amerika (14)
Oseania (1)
  • Flag of Australia.svg (1)

Dei greske resultata inkluderar òg resultata til idrettsutøvarane frå Kypros og Smýrna, sjølv om desse områda høyrte til under høvesvis Storbritannia og Det osmanske riket. Australia var ein del av Storbritannia, men resultata til Edwin Flack er oppgjeve som om han deltok for Australia. Austerrike og Ungarn deltok som to ulike land, sjølv om båe var ein del av Austerrike-Ungarn. Resultata til utøvarane frå Vojvodina er rekna til Ungarn, men Vojvodina er i dag ein del av Serbia, samt Slovakia. Den bulgarske olympiske komité hevdar at turnaren Charles Champaud deltok som bulgarar. Champaud var ein sveitsisk statsborgar busett i Bulgaria. Mallon og de ​​Wael lista båe Champaud som sveitsisk. Den chilenske olympiske komité hevdar å ha hatt ein idrettsutøvar, Luis Subercaseaux, som deltok på 100, 400 og 800 meter i friidrett. Ingen ytterlegare detaljar er gjeve, og det vert ikkje nemnd av Subercaseaux i de Wael eller den offisielle rapporten. Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland har historisk oppretthaldt separate atletiske organisasjonar for kvar av sine konstituerande land. Det viktigaste untaket har vore OL, der landet vart rekna som ein eining. Landet har konvensjonelt nytta namnet «Great Britain» (Storbritannia) i OL i staden for den meir vanlege forkortinga «the United Kingdom» (Det sameinte kongeriket).

Medaljefordeling

Utdjupande artikkel for dette emnet er Medaljefordeling under sommar-OL 1896.

Alle vinnarane i 1896 vart tildelt ein sølvmedalje.

Ti av dei 14 deltakande landa fekk medaljar, i tillegg var tre av medaljane tildelt blanda lag. USA vann flest gullmedaljar (11) medan vertslandet Hellas vann mest medaljar totalt (46). Hellas fekk òg flest sølvmedaljar (17) og bronsemedaljar (19), i tillegg til at dei fekk éin gullmedalje mindre enn USA.

I 1896 var fekk vinnaren ein sølvmedaljen, ein olivengrein og eit diplom. Andreplassen fekk ein kobbarmedalje, ein laubærgrein og eit diplom. IOK har seinare gjeve gull-, sølv- og bronsemedaljar til dei tre beste plasseringane i kvar tevling for at det skal samsvare med nyare tradisjonar.

Vinnaren fekk ein sølvmedalje med bilete av andletet til Zevs. I handen held han ein globus.
Andreplassen fekk ein koppermedalje med bilete av Akropolis og, på gresk, teksten: «Dei internasjonale olympiske leikane i Aten i 1896».

Kjelder

Fotnotar

  1. Coubertin (1896), 42
    *Martin–Gynn (2000), 7–8
  2. 2,0 2,1 Athens 1896 – Games of the I Olympiad, International Olympic Committee


Mal:Link AA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA