Hopp til innhald

Snøleopard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. august 2012 kl. 12:12 av 89.8.135.227 (diskusjon)
Snøleopard

Status i verda: EN Sterkt truga


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Felidae
Slekt: Panthera
Vitskapleg namn
Panthera uncia

Snøleoparden (Panthera uncia eller Uncia uncia) er eit stort kattedyr som lever i fjellområde i Asia. Han er tilpassa det harde klimaet med ein varm og fin pels som med tida har ført til at dyret har vorte truga av utrydding.

Skildring

Snøleoparden har gråkvit, tett pels med svarte eller brune flekkar. Han er 120-150 cm lang, og har ei etter måten lang hale i høve til kroppen. Vekta overstig sjeldan 75 kg. Han skil seg frå andre store kattedyr ved å ikkje kunne brøla og å eta byttet sitt i samankropen stilling.

Levevis

Snøleoparden er ein nattaktiv, einslig jeger utanom i paringstida, då dei jaktar i par. Byttet består hovudsakleg av ulike fjellpattedyr som villsau, steinbukk og ymse hjortar og smågnagarar. Som hjå dei fleste andre kattedyr er jakta basert på sniking.

Paringstida vert gjennomført på seinvinteren. Seint på våren vert så ungane fødde, som regel i kull på 2-4. Dei opnar augo etter halvannan veke, og lever i lag med mora det påfølgjande året.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøleopard


Mal:Link AA Mal:Link FA