Hopp til innhald

Te Anau

Koordinatar: 45°25′S 167°43′E / 45.417°S 167.717°E / -45.417; 167.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 17. desember 2012 kl. 22:38 av JackieBot (diskusjon | bidrag) (r2.7.2) (robot la til: fr:Te Anau)
Te Anau
Utsikt over Lake Te Anau
Utsikt over Lake Te Anau
Utsikt over Lake Te Anau
Styresmakter
Land
New Zealand New Zealand
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

1 902[1]
Koordinatar 45°25′S 167°43′E / 45.417°S 167.717°E / -45.417; 167.717
Tidssone +12 (UTC)
Plassering
Te Anau is located in New Zealand


Te Anau er ein by i Southland DistrictSørøyaNew Zealand. Han ligg på austbreidda til innsjøen Lake Te Anau i Fiordland. Lake Te Anau er den største innsjøen på Sørøya, og den nest største på New Zealand etter Lake Taupo. Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen 1 902. Byen har mange overnattingsstadar, med over 3 000 tilgjengelege senger i sommarsesongen.

Turisme og jordbruk er dei viktigaste næringsvegane i distriktet. Då byen ligg ved grensa mot nasjonalparken Fiordland National Park, er han innfallsporten til eit villmarksområde kjent for fotturisme og vakkert landskap. Mange fugleartar held til her, mellom desse den trua Takahe, ein fugl i riksefamilien, som ein kan sjå i Fiordland Wildlife Park.

Te Anau har vegsamband med Invercargill i søraust, Queenstown mot nordaust, Gore mot aust og Manapouri mot sør. I Te Anau startar hovudvegen Milford Road, som går til Milford Sound, som ligg 120 km mot nord.

Galleri

Referansar

Bakgrunnsstoff