Klassekampen
Klassekampen | |||
| |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 925350605 | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1969 | ||
Eigarar | Raudt (20%), Klassekampens Venner (15), Fagforbundet (15), Oktober forlag og Pax forlag (10), Industri Energi (5), småaksjonærar (35) | ||
Grunnlegger(ar) | Pål Steigan | ||
Redaktør(ar) | Bjørgulv Braanen | ||
Språk | Norsk | ||
Politisk posisjon | Sosialistisk | ||
Opplag | 16 353 (2012) | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Nettstad | www.klassekampen.no |
Klassekampen er ei meiningsberande dagsavis for venstresida i norsk politikk. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis. Ho har utvikla seg til ei uavhengig venstre-radikal avis med fylgjande føremålsparagraf:
- Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.
Ansvarleg redaktør (2010) er Bjørgulv Braanen og dagleg leiar er Marga van der Wal.
Avisa vart altså grunnlagd i 1969, omtrent samtidig som striden i Sosialistisk Folkeparti (SF) (no Sosialistisk Venstreparti) tilspissa seg. Avisa vart talerøyr for ungdomsorganisasjonen SUF(m-l) (seinare Arbeidernes Kommunistparti (AKP)) som då braut ut av SF. I januar 1973 gjekk avisa over til å bli ei vekeavis. Ho gjekk då også over til å bli det formelle organet for det nystifta partiet AKP (m-l). Frå januar 1976 gjekk dei over til å gje ut to aviser i veka, og sidan 1. april 1977 gjekk dei over til daglege utgjevingar.
Frå 1991 har avisa vore ei uavhengig venstresideavis.
Avisa har hatt ei rekkje ulike redaktørar opp gjennom åra, den mest kjende er truleg forfattaren Jon Michelet.
Avisa Klassekampen er oppatt-kalla etter organet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, stifta i 1903.
Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.
Redaktørar
- Anders M. Andersen 1969
- Anders M. Andersen og Finn Aasheim 1969
- Finn Aasheim 1969
- Finn Aasheim og Sigurd Allern 1969- 1970
- Sigurd Allern 1970 -1972
- Finn Sjue 1973- 1977
- Egil Fossum 1977-1978
- Egil Fossum og Sigurd Allern 1978-1979
- Sigurd Allern 1979-1995
- Paul Bjerke 1995-1997
- Jon Michelet 1997-2002
- Bjørgulv Braanen 2002-
Opplag
Netto opplagstal - frå Mediebedriftenes Landsforening:
|
|
Litteratur om Klassekampen
- Rune Ottosen og Bjørn Westlie, Da «Klassekampen» ble dagsavis, i Tvedt, Terje, (ml) : en bok om maoismen i Norge. Oslo 1989, Ad Notam. ISBN 82-417-0023-7
- Alf Skjeseth: Sykle på vatnet - historia om Klassekampen. Samlaget, Oslo 2011. ISBN 978-82-521-7538-7
Bakgrunnsstoff
- Klassekampen.no
- Klassekampen.no om Klassekampens historie
- Tidlege nummer av Klassekampen i pdf-format
- Om oppbygginga av Klassekampen i Erling Folkvord si bok Rødt
- Om Klassekampen-striden i 1997 i Erling Folkvord si bok Rødt!
- «Vi som bryr oss om avisa Klassekampen» (Facebook)
- KK-forum
Kjelder
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2006» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 12. februar 2007
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2008» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 17. februar 2009
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2009» frå Mediebedriftenes Landsforening, publisert 16. februar 2010