Musculus rhomboideus minor
Utsjånad
Musculus rhomboideus minor | |
---|---|
Bilete viser musklane som knyter overekstremiteten til ryggsøyla. M. rhomboideus minor er vist i raudt. | |
Norsk namn | Den vesle rombemuskelen |
Gray's | subject #121 434 |
Utspring | Ligamentum nuchae og ryggtaggane på ryggsøyla, processi spinosi, C7 - T1. |
Feste | Medialkanten av skulderbladet, margo medialis scapulae, over festet til m. rhomboideus major. |
Arterie | A. dorsalis scapulae. |
Nerve | N. dorsalis scapulae frå armnerveflettverket, plexus brachialis. |
Rørsle | Trekkjer skulderbladet medialt og oppover. |
Antagonist | M. serratus anterior |
Musculus rhomboideus minor (på latin rhomboideus - «rombeforma», minor - «liten»), på norsk somtid òg kalla den vesle rombemuskelen, er ein liten og flat muskel som går frå skulderbladet til ryggsøyla, og knyter med det overekstremiteten til kroppen. Han spring ut frå den sjuande ryggtaggen i halsregionen til den første taggen i brystkasseregionen, processi spinosi C7 - Th1, og festar på skulderbladet sin mediale kant, margo medialis scapulae, over festet til m. rhomboideus major. Han er innervert av n. dorsalis scapulae.
Han ligg under m. levator scapulae og over m. rhomboideus major, og desse trekkjer skulderbladet oppover og medialt, og dei held og skulderbladet pressa mot brystkassa.
Fleire bilete
[endre | endre wikiteksten]-
M. rhomboideus minor er vist i raudt i denne animasjonen.
-
Karforsyninga og musklane som ligg kring skulderbladet.