Istra i Romsdal
Utsjånad
Istra[1] | |||
elv | |||
Nedslagsfelt | 66 km² | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Rauma i Møre og Romsdal | ||
Lengd | 17 km | ||
Middelvassføring | 3,1 m³/s | ||
Kjelde | Reinheimen | ||
• høgd | 1 793 moh. | ||
Munning | Rauma ved Åndalsnes | ||
Istra i Romsdal 62°32′39″N 7°42′04″E / 62.5441°N 7.7011°E | |||
Wikimedia Commons: Istra River, Norway |
Istra er ei sideelv til Rauma med ei lengde på 17 km.
Elva har sitt utspring i Reinheimen og renn nordover gjennom Isterdalen til ho munnar ut i Rauma om lag 3 km før utløpet i Isfjorden ved Veblungsnes nær Åndalsnes.
Istra har ei lakseførande strekning på 10 km og er ei sjøaureelv.
Elva vart verna i Verneplan III, seinare vart Raumavassdraget verna i Verneplan IV.[2]
Ifølge moderne språkforsking kan opphavet til elvanamnet vere eit hypotetisk indoeuropesk språkrot der es eller is tydde vatn, òg flytande, men at ordet seinare fekk den snevrare tydinga «vatn i fast form».
Andre europeiske elvenamn som kan ha same språklege opphav:
- Istra (Russland)
- Eisack eller Isarco (Sør-Tirol, Italia )
- Iser (Tsjekkia), Izera (Polen)
- Isère (Frankrike)
- Isel (Austerrike)
- Isar (Tyskland)
- IJssel (Nederland)
- Ister (nedre del av Donau)
Referansar
Litteratur
- Egon Kühebacher, Die Ortsnamen Südtirols und ihre Geschichte, bd. 2, Bozen 1995, s. 59-61 (med språkhistoriske forklaringer, utdypende litteratur og dokumentbelegg).