Claes Gill
Utsjånad
Claes Gill 13. oktober 1910–11. juni 1973 var ein norsk journalist, forfattar, poet, skodespelar og teatersjef. Gill vart fødd i Odda, men voks hovudsakleg opp i Bergen, og budde som vaksen mest i Oslo. Han var teatersjef ved Rogaland Teater i Stavanger frå 1952 til 1956. Gill medverka i fleire spelefilmar.
Han gav i 1939 ut diktsamlinga Fragment av et magisk liv. I 1942 kom diktsamlinga Ord i jærn. Seinare arbeidde han mest med teater, både som skodespelar og instruktør. Han vart særleg kjend for den djupe og sensuelle stemma si. Claes Gill tok del i riksmålsrørsla sin kamp mot samnorsk på 1950-talet.
Litteratur
- Fløgstad, Kartan: Portrett av eit magisk liv, poeten Claes Gill, Oslo 2003. ISBN 82-05-31328-8