Hopp til innhald

Vyborg

Koordinatar: 60°43′N 28°45′E / 60.717°N 28.750°E / 60.717; 28.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mars 2016 kl. 17:18 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
Sjå òg Viborg i Danmark
Viborg
Вы́борг
Utsikt frå Viborg slottstårn ut over byen
Utsikt frå Viborg slottstårn ut over byen
Utsikt frå Viborg slottstårn ut over byen
Flagget til Viborg Byåpenet til Viborg
Flagget til Viborg Byvåpenet til Viborg


Plassering
Vyborg is located in Russland
Vyborg is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1293
1403
Borgarmeister Vasilij Osipov
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

78 595
Koordinatar 60°43′N 28°45′E / 60.717°N 28.750°E / 60.717; 28.750
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 188800-188811
Retningsnummer (tlf) +7 81378
Bilnummer 47
Nettstad: www.city.vbg.ru

Viborg (russisk Вы́борг, Vyborg, finsk Viipuri, svensk Viborg) er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Viborg ligg ved FinskebuktaDet karelske neset. Hovudgata i Viborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.

Historie

Viborg vart grunnlagt av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjon austover, i sentrum av ein gammal karelsk busetnad og handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart drege på nytt, aust for Viborg.

Viborg under den svenske tida, omkring år 1700. Frå Suecia antiqua et hodierna

Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dermed også Viborg, til Sovjetunionen. Deretter erobra Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuert, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.

I dag

Dagens Viborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Viborg både med buss og tog. I byen bur det 78 595 (2008) menneske. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Viborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.

Kjende stader

Den viktigaste kjende staden er Viborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det også, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart rive på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårn.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Viborg