Hopp til innhald

Antoine Lavoisier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mars 2016 kl. 18:54 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
Antoine Lavoisier

Antoine Laurent Lavoisier 26. august 17438. mai 1794 var ein fransk adelsmann, ofte kalla far til den moderne kjemien, som har ein framståande plass i historia til kjemien og biologien. Lavoisier var med på å skape det metriske systemet, og samanfatte den fyrste utvida lista over grunnstoff, dessutan ytte han sitt i å reformere terminologien innan kjemien. Han namngav både oksygen, i 1778, og hydrogen, i 1783, og peika på at det då ukjende stoffet silisium måtte finnast i 1787. Han var også den fyrste som godtgjorde at svovel var eit stoff (1777), meir enn eit kjemisk blandingsmateriale. Han oppdaga at trass i at materien kan endre form, så er massen alltid den same.

Lavoisier var ein administrator av skatteomsynet Ferme Générale og ein mektig medlem i mange andre aristokratiske forsamlingar. Desse politiske og økonomiske stillingane sette han i stand til å koste dei vitskaplege undersøkingane hans. Medan den franske revolusjonen var på sitt mest hektiske, skulda Jean-Paul Marat han for å selje forfalska tobakk og andre misgjerningar, og Lavoisier vart til sist giljotinert eitt år etter Marat døydde.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Antoine Lavoisier
Wikisource

Originaltekst av Antoine Lavoisier ved Wikisource (fr).