Hopp til innhald

Røros kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 21. mars 2016 kl. 16:59 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
Røros kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Adm.senter Bergstaden Røros
Areal 1 956,46 km²
 •  vatn 194,7422133167747, 194,67 km²
Målform Nøytral
Samisk språk sørsamisk[2]
Ordførar Isak Veierud Busch (2019)[1] (Ap)
Kommunenr. 1640
Kart
Røros
62°34′27″N 11°22′59″E / 62.574166666667°N 11.383055555556°E / 62.574166666667; 11.383055555556
Kart som viser Røros kommune.
Kart som viser Røros kommune.
Kart som viser Røros kommune.
Wikimedia Commons: Røros
Nettstad: www.roros.kommune.no

Røros (sørsamisk: Plassje) er ein kommune i Sør-Trøndelag fylke som grensar i nord til kommunane Tydal og Holtålen, i sørvest til Os og Engerdal i Hedmark fylke og i aust til Härjedalen i Sverige. Røros er kjend for Røros Kobberverk og dei mellomalderlege trehusa sine. Tettstaden Røros har aldri hatt status som by, men som bergstad. Bergstaden Røros vart i 1980 teke med på UNESCO si liste over verdsarva. Han er òg ein av dei kaldaste stadene i Noreg.

På grunn av gruveindustrien har Rørosmålet vorte påverka frå fleire ulike hald, mellom anna av tysk. Staden vart heilt attoppbygd etter at han var øydelagd av svenske troppar i 1679.

Ein kjent marknad går føre seg i Røros kvar vinter.

Røros er særleg skildra av forfattaren Johan Falkberget.

Kjerkgata sett nedanfrå 1869. Foto: Elen Schomragh

Historie

Det vart funne koparmalm på Røros i 1644. Før det var det berre nokre få fjellgardar i området. Eit smelteverk vart bygd i 1646. I denne tida vart Røros fleire gonger brend ned i svenske åtak. Svenske styrkar øydela heile staden i 1679, og han måtte byggjast opp att. Smelteverket og utvinninga av kopar hadde stor trong for treverk, og områda rundt Røros vart avskoga. Steinkyrkja Bergstadens Ziir vart innvia i 1784. Tidleg på 1800-talet var det dårlege tider og hungersnaud på Røros. Kromgruvedrift vart starta opp i denne tida. Jarnbana Rørosbana vart offisielt opna i 1877. Den siste store gruva, Olavsgruva var i drift frå 1936 til 1972. Røros Koparverk vart nedlagt i 1977. Etter at gruvedrifta vart avslutta er turisme den viktigaste næringa.

Bilete frå marknaden på Røros

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Røros kommune

Kjelder

Fotnotar

  1. «Formannskap». Henta 28. desember 2019. 
  2. «Samelovens språkregler og forvaltningsområdet for samisk språk». Regjeringa i Noreg. 20. mars 2019.