Hopp til innhald

Ada Haug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 19. april 2019 kl. 12:20 av F.bendik (diskusjon | bidrag)
Under arbeid: Denne artikkelen er under arbeid, og er ikkje fullstendig ennå. Det kan ventast at artikkelen blir utvida og/eller omarbeidd.
Det har ikkje vore gjort endringar på artikkelen på ei veke, så denne markeringa kan no fjernast. localtimestamp=20241024213226 (1729805546 unixtime), revisiontimestamp=20190419122026 (1555676426 unixtime), localtimestamp-revisiontimstamp=174129120 sekund
Ada Haug

Ada Haug og Odd Grythe i 1965
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. august 1934
Stange kommune
Død

14. august 2014 (79 år)
Oslo

Yrke programleiar, pedagog, TV-redaktør
Ektefelle Odd Grythe
Ada Haug på Commons

Ada Brita Haug Grythe fødd 26. august 1934 i Stange, daud 14. august 2014[2]) var ein norsk fjernsynssmedarbeider med ei karriere på 38 år i NRKs barne- og ungdomsavdeling.

Ada Haug Grythe var cand.mag. og pedagog frå Universitetet i Oslo og var frå 1961 tilsett i NRK, der ho særleg arbeidde med program for barn og ungdom. Hennes første TV-framferd heitte «Ada syng franske viser». I løpet av 1960-talet var ho programleiar for Tenpluggen og Vi unge, og i 1970 var ho med på å utforma Flimra. Ho var nesteleiar i Barne-og ungdomsavdelinga frå 1974 til 1980, og programredaktør frå 1980 til 1991. Frå 1991 og fram til ho vart pensjonert i 1998 var ho ansvarleg for småbarnsprogramma.[3]

Haug arbeidet i yngre år både som mannequin og skilærar. Eit studieår i Frankrike gjorde ho frankofil for ettertida. Ada Haug Grythe var aktiv i Norges Fredsråd.[4] Ho var medlem av styret for Foreningen til fremme av sivilt mot.[5]

Ho vart i 1998 tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull «for sin mangeårige innsats for barn og ungdom i NRK».[6] Ho vart òg heidra med den franske ordenen Palmes Académiques for arbeide med å spreia fransk språk og kultur i Noreg.[7]

Ada Haug Grythe var gift med Odd Grythe som døydde i 1995. Ho var barnebarn til malaren og kunstkritikaren Kristian Haug.

Bakgrunnsstoff


Denne artikkelen bygger på nb:Ada Haug frå Wikipedia på bokmål 14. januar 2017

Fotnotar

  1. «Ada Haug Grythe 70 år», Stavanger Aftenblad, 26. august 2004, s. 39.
  2. «Ada Haug Grythe er død», NRK 14. august 2014
  3. Dagbladet - Slutter med dobbelt gull Ada Haug går av etter 38 år (28.12 .1998)
  4. «Nye stillingar», Aftenposten, 31. mars 2001, s. 23.
  5. Foreningen til fremme av sivilt mot.
  6. Kongens fortjenstmedalje i gull til til Ada Haug Grythe», Aftenposten, 22. desember 1998, s. 36.
  7. «Barn er kresne TV-sjåarar», Bergens Tidende, 25. august 1994, s. 24