Tom Tellefsen
Tom Tellefsen (30. oktober 1931–17. januar 2012) var ein norsk skodespelar frå Asker, kjend frå både teater og film.
Biografi
Som barn flytte Tom Tellefsen frå Asker til Oslo med familien på slutten av 1930-åra. Som ung var han interessert i idrett, og spela m.a. fotball for eit Oslo-lag. Allereie før examen artium i 1950, hadde han fått debuten sin som skodespelar, nemleg i rolla som Karsten i filmen Gategutter (1949) av Arne Skouen. Dette vart eit springbrett for karrieren hans, og han fekk snart nye roller i norske filmar frå 1950-åra. Tellefsen utdanna seg ved Statens Teaterskole, og vart tilsett ved Det Norske Teatret i 1959.
Ei av dei mest kjende teaterrollene til Tellefsen var i monologen Kaspar av Peter Handke. Ein av kritikarane til dette stykket kalla det «Ein av Tom Tellefsens største sigrar med eit overlag detaljsikkert, fint balansert spel.» [1] Elles vart han kjend for sine tolkingar av rollefigurane i dei absurde stykka til Samuel Beckett, m.a. då han spela Estragon i Mens vi ventar på Godot saman med Bjarne Andersen i 1970.
I 1986 og 1996 opptredde Tellefsen i Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen på Det Norske Teatret.[2] Dette var ein slags matiné der han framførte tekstar av Samuel Beckett, Franz Kafka, Slawomir Mrozek og Kjell Askildsen.
Tom Tellefsen gjekk av med pensjon frå Det Norske Teatret i 2001. I tillegg til den over 40 år lange innsatsen sin på Det Norske Teatret har Tellefsen hatt mange oppdrag både i Radioteatret og Fjernsynsteatret.
Frå 1955 til 1962 var han gift med skodespelaren Rut Tellefsen. Dei fekk dottera Pia Tellefsen, som også er skodespelar.
Utmerkingar
- Statens filmstipend
- Statens kunstnerstipend
- Kongens fortenstmedalje
- Oslo bys kunstnerpris (2001) [3]
Rolleliste (utval)
Film
- 1949: Gategutter
- 1952: Nødlanding
- 1952: Andrine og Kjell
- 1954: Cirkus Fandango
- 1955: Blodveien
- 1956: Gylne ungdom
- 1960: Venner
- 1960: Omringet
- 1968: Smuglere
- 1968: De ukjentes marked
- 1970: Balladen om mestertyven Ole Høiland
- 1970: Douglas
- 1974: Bør Børson jr.
- 1974: Kimen
- 1975: Skraphandlerne
- 1976: Bør Børson II
- 1979: Kronprinsen
- 1979: Ingen roser... takk
- 1982: Olsenbandens aller siste kupp
- 1982: Engler i sneen
- 1986: Makaroni Blues
- 1986: Hard asfalt
- 1988: Sweetwater
- 2000: Ballen i øyet
Teater
- Ein sørgjeleg time med Tom Tellefsen
- Vasco i Historia om Vasco (Georges Schéhadí)
- Kaspar i Kaspar av Peter Handke
- Estragon i Mens vi ventar på Godot (Samuel Beckett)
- Clov i Sluttspel (Samuel Beckett)
- Willie i Glade dagar (Samuel Beckett)
- Julius i Ungen (Oscar Braaten) [4]
- Teodor Snekkersveen i Trost i taklampa (Alf Prøysen)
- Shylock i Kjøpmannen i Venedig (Shakespeare)
- Eilert Løvborg i Hedda Gabler (Henrik Ibsen)
- Gregers Werle i Vildanden (Henrik Ibsen)
- Myrullbråten i Krokryggen (Kjell Aukrust)
- Tsjebutikyn i Tre systrer (Anton Tsjekhov)
- Ferdinand i Goya av (Antonio Buero Vallejo)