Hopp til innhald

David Hood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. mai 2022 kl. 00:41 av TholmeBot (diskusjon | bidrag) (Fikser Spesial:Lint-Feil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
David Hood

David Hood (lengst til venstre) på scenen med Traffic i 1973.
Fødd21. september 1943 (81 år)
FødestadSheffield i Alabama i USA
OpphavUSA
SjangerR&B, rock
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarMuscle Shoals Rhythm Section, Traffic
Verka somStudiomusikar
BornPatterson Hood

David Hood (fødd 21. september 1943) er ein USA-amerikansk bassist frå Muscle Shoals i Alabama. Han spelar òg trombone og er medlem av Alabama Music Hall of Fame.

Hood starta karrieren sin i The Mystics og som musikar i FAME Studios, før han drog til Muscle Shoals Sound Studio der han produserte songar for Willie Nelson og Cher i tillegg til andre. David Hood har spelt på bass på album av Boz Scaggs, Cat Stevens, Paul Simon, Bob Seger, Bugs Bunny, Traffic, The Staple Singers, Frank Black, Odetta, John Hiatt, Etta James, John Altenburgh, Johnny & The MoTones og Percy Sledge.

Sonen hans, Patterson Hood, er frontmann og ein av tre låtskrivarar i bandet Drive-By Truckers.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]