Hopp til innhald

Treleopard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 23. juni 2022 kl. 07:09 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (+ 7 kategoriar med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Treleopard
Treleopard
Treleopard
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Treleopard
Utbreiinga av Treleopard
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Kattefamilien Felidae
Slekt: Neofelis
Art: Treleopard N. nebulosa
Vitskapleg namn
Neofelis nebulosa

Treleoparden er ei mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i Søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.

Treleopard.

Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.

Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegerar er dei lydlause og fangar byttet ved å slå med dei breie framlabbane. Midt på dagen og natta kviler dei i trekroner.

Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatne til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Neofelis nebulosa