Hopp til innhald

Jordnøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 4. august 2022 kl. 08:37 av Ranveig (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
For matslaget som også blir kalla jordnøtt, sjå peanøtt.
Jordnøtt
Jordnøtt på Aukra i Møre og Romsdal
Jordnøtt på Aukra i Møre og Romsdal
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Skjermplanteordenen Apiales
Familie: Skjermplantefamilien Apiaceae
Slekt: Conopodium
Art: Jordnøtt C. majus
Vitskapleg namn
Conopodium majus

Jordnøtt eller jordnòt (Conopodium majus) er ein art i skjermplantefamilien Apiaceae. Det er ei opptil 50 cm høg fleirårig urt, med etande jordknoll. Jordnøtt har findelte blad med linjeforma flikar og kvite blomar i skjerm. Ho blomstrar på føresommaren (juni). Frukta er glinsande svartbrun og 4 mm lang.

I Noreg veks jordnøtt på grasbakkar, beite, i skog og kratt i kyst- og fjordstrøk frå Telemark til Nord-Trøndelag, samt på eit par førekomstar i Nordland. Planta finst også på Færøyane, svært sjeldan i Sverige og i Danmark, elles i Vest-Europa.

Planta må ikkje forvekslast med peanøtt som også av og til blir kalla jordnøtt, og som høyrer til erteblomfamilien (Fabaceae).

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.