Hemispheres
Hemispheres Studioalbum av Rush | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. oktober 1978 | |
Innspelt | juni–august 1978 i Rockfield Studios i Wales | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 36:14 | |
Selskap | Anthem (Canada) Atlantic (Japan) | |
Produsent | Rush og Terry Brown | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Rush-kronologi | ||
A Farewell to Kings (1977) |
Hemispheres | Permanent Waves (1980)
|
Hemispheres er det sjette studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Det vart utgjeve i 1978. Albumet vart spelt inn i Rockfield Studios i Wales.
Albumet fortset trenden å skrive fantasy og science fiction-inspirerte tekster skrive av Peart. I likskap med 2112 inneheld Hemispheres ein song som dekkjer ei heil plateside, med ei historie delt opp i fleire delar. Denne songen heiter «Cygnus X-1, Book II: Hemispheres». Songen trekkjer inn inspirasjon frå gresk mytologi ved å blant handle om greske gudar.
Songen «Circumstances» handlar om opphaldet Neil Peart hadde i England ein periode han budde der, før han flytta tilbake til Canada og vart med i Rush.
«The Trees» er ein av Rush sine mest populære songar. Songen er ein fabel fortalt gjennom ein fantasy-tekst. Plottet er som følgjer: i skogen er det mange tre, høge eiketre, og ikkje fullt så høge lønnetre. Problemet i skogen er at eika er så høg at løna ikkje får solskin. Det heile endar med at det blir vedteke ei lov i skogen som gjer at alle blir kutta ned til same høgde.
I ei lesarundersøking i Rolling Stone, kalla «Readers' Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time» vart albumet rangert på åttandeplass.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Geddy Lee, Alex Lifeson og Neil Peart.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Cygnus X-1 Book II: Hemispheres
| 18:08 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
2. | «Circumstances» | 3:42 |
3. | «The Trees» | 4:46 |
4. | «La Villa Strangiato (An Exercise in Self-Indulgence)
| 9:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Geddy Lee - bass, solovokal, synthesizer
- Alex Lifeson - gitar, synthesizer
- Neil Peart - trommer og perkusjon
Lister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1978 | Billboard's Pop Albums | 47 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hemispheres (Rush album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. «Rush - Hemispheres review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 13. september 2012.
- ↑ «Rush - Hemispheres review». Amazon.com. Henta 13. september 2012.
- ↑ Bloom, Michael (22 mars 1979). «Rush - Hemispheres». Rolling Stone. Henta 13. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Readers' Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time». Henta 12. september 2012.
- ↑ «Hemispheres Billboard Albums». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 13. september 2012.