Hopp til innhald

Ungdomsorganisasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. oktober 2022 kl. 21:52 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Polske speidarar tok del i Warszawaopprøret.

Ein ungdomsorganisasjon er ein organisasjon som blir driven av og for ungdom. Slike organisasjonar har ofte ei øvre aldersgrense for medlemskap, til dømes på 30 år. Dei er gjerne bygde opp på same måte som organisasjonar for vaksne, med eit sentralstyre og fleire lokallag. Dei skil seg frå desse andre laga ved at dei gjerne legg vekt på fleire aktivitetar for ungdom, og ved at dei i mange tilfelle er meir aktivistiske enn vaksenlaga.

Ein kan dela ungdomsorganisjonane inn i ulike typar ut frå kva ideologisk grunnlag dei har.

Politiske ungdomsorganisasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Desse organisasjonane er politiske ved at dei jobbar for å påverka samfunnet i ein retning dei meiner er sunt. Laga kan vera tilknytt eit særskilt politisk parti, eller vera uavhengige.

Partitilknytte organisasjonar

[endre | endre wikiteksten]
Ungdomsorganisasjonar til stortingsparti

Sjå òg kategorien norske politiske ungdomsfylkingar

Det er vanleg for politiske parti å oppretta ungdomsorganisasjonar som følgjer same ideologien som moderpartiet, men ofte jobbar meir med saker som betyr noko for ungdom. Desse laga kan ha som føremål å læra opp ungdom i politisk arbeid. Alle dei politiske partia i Noreg som er representerte på Stortinget i dag har ein ungdomsorganisasjon.

Historiske partitilknytte ungdomsorganisasjonar:

Partiuavhengige organisasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Dette er organisasjonar som jobbar særskilt med einskilde saker eller for særskilde grupper. Dei støtter ikkje opp om noko parti, men jobbar heller for at dei politiske partia skal støtta opp om saka deira. Dei største norske slike organisasjonane er Elevorganisasjonen, Europeisk Ungdom, Natur og Ungdom, Noregs Ungdomslag, Norsk Målungdom, Juvente, Ungdom mot Narkotika og Ungdom mot Vold.


Livssynsorganisasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Desse organisasjonane er basert på eit livssyn som kan vera religiøst eller ikkje-religiøst. Noregs speidarforbund, KRIK og ACTA er døme på kristne ungdomsorganisasjonar i Noreg, medan International Humanist and Ethical Youth Organisation (IHEYO) er ein internasjonal humanistisk ungdomsorganisasjon.

Fritidsorganisasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Mange organisasjonar har som mål å laga ei meiningsfylt fritid for ungdom, utan at dei treng ha religiøse eller politiske band.

Døme på dette er 4H, Norges Bygdeungdomslag, CISV, Landsforeningen Ungdom & Fritid, Noregs ungdomslag og Norsk frilynt ungdomsforbund.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]