Hopp til innhald

Very Large Telescope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. oktober 2022 kl. 00:49 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 3 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Dei fire teleskopa til ESO ved Paranal.
Panorama 360° av nattehimmelen over Cerro Paranal. Lysbogen er Mjølkevegen.

Very Large Telescope (VLT) er eit samansett optisk teleskop som består av fire teleskop på 8,2 meter plassert i ein formasjon. Teleskopa kan jobbe både sjølvstendig eller samordna. I det siste tilfellet tilsvarar den totale spegeloverflata eit teleskop på 16 meter, noko som gjer VLT til det største optiske teleskopet i verda. I anlegget inngår òg eit interferometer som gjev høve for ekstra høg oppløysing for relativt lyssterke objekt. Det er Det europeiske sørobservatoriet (ESO) som driv VLT.

VLT ligg ved Paranal-observatoriet på fjellet Cerro Paranal, 2 635 moh. i Atacama i det nordlege Chile. Dei fire inngåande teleskopa er døypte til Antu, Kueyen, Melipal og Yepun etter det chilenske urfolket mapuche sitt ord for høvesvis sola, månen, Sørkrossen og Venus.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]