Desna
Desna | |||
Десна, Desna | |||
elv | |||
Desna renn gjennom Tsjernihiv i Ukraina.
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Seim | ||
• høgre | Sudost | ||
Nedslagsfelt | 88 900 km² | ||
Byar | Brjansk | ||
Lengd | 1 130 km | ||
Middelvassføring | 360 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Smolenskhøgdene, Russland | ||
Munning | Desnadeltaet | ||
- koordinatar | 50°33′0″N 30°32′0″E / 50.55000°N 30.53333°E | ||
Desna 54°35′38″N 33°17′55″E / 54.5939°N 33.2986°E | |||
Vassdraga til Dnepr og Desna
| |||
Wikimedia Commons: Desna |
Desna (russisk og ukrainsk Десна) er ei elv i Russland og Ukraina og ei av sideelvane til Dnepr frå venstre, den lengste sideelva hennar. Desna har ei lengd på 1187 km og 535 km av ho kan nyttast til skipsfart. Nedslagsfeltet hennar er 88 900 km².
Desna spring ut frå Smolenskhøgdene i nærleiken av Jelnja. Elva renn gjennom Smolensk og Brjansk oblast i Russland og Tsjernigov og Kiev oblast i Ukraina. Elvebreidda i den øvste delen av elva er myrlendt, men i Brjansk vert breiddene høgare. Elva er isdekt frå desember til tidleg i april. Middelvassføringa hennar ved munningen er 360 m³/s.
Desna munnuar ut i Dnepr nord i Kiev.
Sidan antikken har Desna vore ei viktig transportåre mellom Kiev og nedslagsfeltet til Don (via Sejm) og Oka (via Bolva)
I Smolensk oblast ligg Desnogroskoje-reservoaret, som vart bygd får å gje vatn til Smolensk atomkraftverk i Desnogorske.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]Frå høgre:
Frå venstre:
Byar og landsbyar ved Desna
[endre | endre wikiteksten]- Smolensk oblast: Jelnja, Desnogorsk og Jekimovitsji.
- Brjansk oblast: Zjukovka, Seltso, Brjansk, Vygonitsi, Trubtsjevsk og Belaja Berjozka.
- Tsjernikhiv oblast: Novgorod-Severskij, Makosjino, Tsjernigov, Ostior og Desna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Десна (приток Днепра)» frå Wikipedia på russisk, den 20. oktober 2008.