Hopp til innhald

Waka-poesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 6. august 2023 kl. 15:48 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (fjerna Kategori:Lyrikk; la til Kategori:Diktformer med HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Waka er ein japansk poesi-form som vart nytta ved keisarhoffet i tida frå det 6. til det 14. hundreåret e.Kr. Saman med chōka og sedōka er waka den eldste forma for poesi i den japanske bokheimen. Waka blir òg nytta som eit synonym for diktsjangeren tanka, som er den grunnleggjande komponenten i japansk poesi.

Waka har fem linjer med i alt 31 rytmiske einingar (5-7-5-7-7). I den eldste diktsamlinga med japansk poesi, Man'yōshū (norsk Samling av ti tusen blad), skrive i 750-åra, er dei fleste dikta skrivne i den femlinja waka-forma. Denne forma kom dessutan til å dominere dei seinare antologiane som vart redigerte ved keisarhoffet.

Eit japansk waka-dikt i norsk attdikting (or Blad frå ein austleg hage):

Akikaze ni
shitaha ya samuku
narinuramu
kohagi ga hara ni
uzura naku nari


I haustvinden
må småblada
frysa –
I lyngmarka
syng ein vaktel