Nellikrevolusjonen
Nellikrevolusjonen (portugisisk Revolução dos Cravos) var ein ublodig revolusjon i Portugal, leidd av ei militær gruppering i landet. Han starta 25. april 1974 i den portugisiske hovudstaden Lisboa og førte til at det autoritære diktaturet fall. Landet gjekk inn i ein toårig periode med ei halvmilitær overgangsregjering før eit demokratisk styresett vart innført.
Dagen blir ofte kalla o dia vinte e cinco de Abril, '25. april-dagen', som er blitt nasjonaldag i Portugal. Det første frie valet etter diktaturet vart halde den 25. april 1975.
Bakgrunn
Den 28. mai 1926 tok militæret makta i eit militærkupp og gjorde Portugal till eit fascistisk diktatur. António de Oliveira Salazar vart fyrst finansminister i 1928, og etter det statsminister i 1932. Han styrte staten fram til han vart sjuk i 1968. Marcello Caetano etterfulgte han og styrte fram til Nellikrevolusjonen.
Misnøye med den ressurskrevande portugisiske kolonikrigen og andre sider ved regimet førte til opprettinga av ei hemmeleg sosialistisk gruppe innan hæren, Movimento das Forças Armadas, som planla å styrta diktaturet.
Revolusjonen
Revolusjonen blei utført ved hjelp av song: «E depois do adeus» av Paulo de Carvalho, Portugal sitt bidrag til Melod i Grand Prix, spelt på den nasjonale radiostasjonen gav signal om å gjera seg klar. Deretter, klokka 12:15 den 25. april 1974, spelte radioen «Grândola, Vila Morena» av den forbodne songaren Zeca Afonso. Dette var startskotet for MFA, som tok over viktige maktsenter i landet og annonserte kuppet over radio. Fire menneske vart drept av diktaturet før det overgav seg.
Sjølv om kuppstyrkene bad folk om å halda seg heime, strøymde tusental ut i gatene og blanda seg med dei militære kuppmakarane. Ein samlingsstade var blomemarknaden i Lisboa, der nelliksesongen var i gang. Nokre militære stappa nellikar i munningen på geværa sine. Dette blei eit vidspriedd symbol, og gav namn på revolusjonen.
Ei veke etter revolusjonen feira folket fridomen på 1. mai og i Lisboa var over 1 million menneske tilstades då revolusjonsleiarane Álvaro Cunhal og Mário Soares tala.
Følger
Revolusjonen førte til storslagen kollektivisering av industri og jordbruk. Eit anna viktig følge var at Portugal frigav sine koloniar. Alla vart frie utanom Aust-Timor, som vart okkupert av Indonesia i 1975.