Gail
Utsjånad
Gail | |||
elv | |||
Nedslagsfelt | 1 403 km² km² | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Villach | ||
Lengd | 122,2 km km | ||
Middelvassføring | 45,08 m³/s m³/s | ||
Kjelde | Aust-Tirol i Austerrike | ||
Munning | I Drava ved Villach | ||
Gail 46°36′23″N 13°53′15″E / 46.6065°N 13.8874°E | |||
Wikimedia Commons: Gail |
Gail er ei elv i sørlege delar av Austerrike. Ho renn frå vest mot aust gjennom Aust-Tyrol og Kärnten, nord for grensene til Italia og Slovenia, og er ei av sideelevene til Drava. Elva har ei lengd på 122 km, og renn ut i Drava nær Villach.
Elva har ei middelvassføring på 45,08 m³/s, men når snøsmeltinga på våren er størst eller i samaband med store nedbørsmengder kan vassføringa auke til over 400 m³/s. Rekordvassføringa er frå november 1966 med 850 m³/s.
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gail frå Tysk Wikipedia.