Lerk
Lerk | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Pinophyta | |
Familie: | Furufamilien Pinaceae | |
Slekt: | Larix Miller |
Lerk (Larix) er ei slekt i furufamilien. Lerkeslekta har om lag 10-14 art ar som veks naturleg i temperererte strok på den nordlege halvkula. Lerka er det einaste treet i furufamilien som feller nålene om hausten.
Lerk i Noreg
Det kan ha funnest lerk i Skandinavia i tida like etter siste istid, men av ukjende grunner forsvann ho.
Europeisk lerk vart planta på garden Bremsnes på Averøya i 1789. Dette er rekna som det første organiserte skogreisinga i Noreg. Sidan vart europeisk lerk planta ut ei rad stader i Noreg utover 1800-talet. Mange av dei eldste plantingane har ført til at lerken har naturalisert seg. Den mest kjende lerkeskogen ligg i Tingvoll på Nordmøre.
Seinere er det planta både sibirsk lerk og japansk lerk. Lerk har etter kvart fått ei vid geografisk utbreiing i Noreg. Om lag 16 millionar lerkeplantar er rapportert utplanta til no, og arealet med lerk er estimert tilom lag 30 000 dekar. Sibirk lerk er den vanligst brukte arten av lerk i Nord-Noreg, Trøndelag og i fjelltraktane på Sør- og Austlandet. Japanlerk og hybridlerk er først og fremst brukt i kyststrok vestafjells og på Sørlandet, medan europeisk lerk er mest bruka på Sør- og Austlandet.
Lerkevirket har mange gode eigenskapar. Kjerneveden har høgt innhal av harpiks og tjærestoff og er nesten like varig som trykkimpregnert furu. Tømmerkvaliteten blir likevel ofte redusert av tennar fordi stammen kan vere er skeiv eller slyngete. Den er utsett for å verte skada av lerkekreft, men den japanske lerka er så godt som immun mot sjukdommen.
Lerk veks fort i ungdommen, og det er mykje bruka som prydtre.
Artar i lerkeslekta
- Larix decidua
- Larix gmelinii
- Larix griffithii
- Larix himalaica
- Larix kaempferi
- Larix kongboensis
- Larix mastersiana
- Larix potaninii
- Larix principis-rupprechtii
- Larix sibirica
- Larix speciosa
- Larix laricina
- Larix lyallii
- Larix occidentalis