Hopp til innhald

Faleidsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 11. oktober 2008 kl. 19:30 av NjardarBot (diskusjon | bidrag) (robot: la til skanwiki)

Faleidfjorden er ein delfjord av fjorden Nordfjord mellom Innvikfjorden og Strynebukta i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Fjorden strekkjer seg 6,5 km frå vest til aust.

Faleidfjorden har innløp nord for Innvikfjorden mellom Hildeneset nord for Innvik og Dokset i vest. Grendene Faleide, som fjorden er kalla opp etter, og Svarstad ligg på nordsida av fjorden. Ved Lunde går Strynebukta 2 km nordover til sjølve tettstaden Stryn.

Riksveg 60 går på begge sider av fjorden, men frå Faleide går vegen nordover, medan riksveg 613 held fram vestover.