3. august
Utsjånad
3. august er den 215. dagen i den gregorianske kalenderen (216. under skotår). Det er 150 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale ikkje-religiøse flaggdagar
Sjølvstendedag i Niger |
Fast religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 3. august i 2024:
Primstaven
- Vesle Olsok, markert med ei lita olavsøks, til minne om at ein flytta Olav den heilage frå banken av Nidelva til høgalteret i Klemenskyrkja i Nidaros.
Namnedag
Noreg | Oline, Oliver og Olve |
Sverige | Tage |
Danmark | Nikodemus |
Helgendag i den katolske kyrkja
Hendingar
Utlandet
- 1492: Christopher Columbus startar den første reisa si over Atlanterhavet
- 1492: jødane vart viste ut frå Spania av det katolske kongeparet Isabella og Ferdinand.
- 1860: Den andre maorikrigen tok til på New Zealand
- 1914: Den første verdskrigen: Tyskland erklærte krig mot Frankrike og Belgia.
- 1923: Calvin Coolidge vart president i USA.
- 1940: Den andre verdskrigen: Italia invaderte Britisk Somaliland.
- 1960: Niger vart sjølvstendig frå Frankrike.
Noreg
Fødde
- 1770: Fredrik Vilhelm III av Prøyssen
- 1856: Alfred Deakin, Australia sin andre statsminister
- 1867: Stanley Baldwin, britisk statsminister
- 1872: Prins Carl av Danmark, seinare Haakon VII av Noreg
- 1920: P.D. James, engelsk forfattar
- 1924: Leon Uris, amerikansk forfattar
- 1948: Jean-Pierre Raffarin, fransk statsminister
Døde
- 1181: Pave Alexander III
- 1667: Francesco Borromini, italiensk barokkarkitekt.
- 1924: Joseph Conrad, polsk-engelsk forfattar
- 1942: Richard Willstätter, tysk-jødisk kjemikar og nobelprisvinnar
- 1954: Colette, fransk forfattar
- 1964: Flannery O'Connor, amerikansk forfattar