Tenochtitlán
Tenochtitlán var ein aztekisk by, grunnlagd 13. mars 1325. I følgje aztekiske legender skulle deira lange vandring frå urheimen Aztlán avsluttast når dei fann ei ørn som åt ein slange på ein kaktus. Dette såg dei på ei øy i Texcocosjøen, og dette vart teke som eit teikn på at ein hadde kome fram. Denne scenen kan ein finne att i Mexico sitt flagg.
Frå ei sped byrjing utvikla byen seg raskt på grunn av chinampa-jordbruket. Chinampa var kunstige øyar som det vart dyrka grønnsaker på, og byen voks utover i sjøen. Etter kvart kontrollerte òg aztekarane store delar av Mesoamerika, og byen vart viktigare.
Utover på 1400-talet utvikla Tenochtitlan seg til å verte den største byen i Amerika, og ein meiner det i 1519 budde mellom 200 000 og 300 000 i byen, på storleik med dei største byane i Europa på denne tida. Store dikeanlegg verna byen mot flaum i sjøen, og moloar knyta byen til fastlandet i nordvest, vest og sør. Marknaden låg i bydelen Tlatelolco, som tidlegare hadde vore ein eigen by, men som voks saman med Tenochtitlán. Templo Mayor, den store tempelpyramiden, sto midt i Tenochtitlán Byen vart åtaka av spanske troppar under Hernán Cortés og deira allierte frå ulike undertrykte nasjonar i april 1521, og i august 1521 enda kampane i bydelen Tlatelolco. Då låg heile byen i ruinar.