Hopp til innhald

Andrew Furuseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Andrew Furuseth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mars 1854
Romedal
Død

22. januar 1938 (83 år)
San Francisco

Yrke fagforeiningsleiar
Andrew Furuseth på Commons

Andrew Furuseth (12. mars 185422. januar 1938) var ein norsk-amerikansk sjømann, fiskar og USA-amerikansk fagforeiningsleiar, fødd i Romedal i Hedmark.

Han drog til sjøs i 1873[1] og segla på skip under norsk, svensk, britisk og amerikansk flagg før han gjekk i land i San Francisco i California i august 1880.[1]

Furuseth var aktiv då fagforeininga Sailor's Union of the Pacific vart danna i 1885, like eins ved skipinga av International Seamen's Union i 1909. I fleire tiår var han leiar for begge foreiningane.

Andrew Furuseth i 1928.

Furuseth stod i fremste rad då fire reformer forbetra vilkåra til USA-amerikanske sjøfolk og fiskarar. Maguire Act of 1895 og White Act of 1898 forbaud fysisk avstraffing og avskaffa fengselsstraff for å forlate eit skip. Framom alt var han sentral i arbeidet med å få vedteke Seamen's Act of 1915, av mange kalla «The Magna Carta of the Sea». Fem år seinare fekk foreiningane han leia igjennom Jones Act of 1920, ei lov som gav sjøfolk rett til hyre og elles handla om bruken av utanlandske skip i innanlandsk handel.[2][3]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Andrew Furuseth Special Edition» (PDF). West Coast Sailors, March 12, 2004. Arkivert frå originalen (PDF) 15. juli 2007. Henta 21. mars 2007. 
  2. «SIU & Maritime History». SIU History. Arkivert frå originalen 24. februar 2007. Henta 17. mars 2007. 
  3. «American Merchant Marine Timeline, 1789 - 2005». columbia.edu. Arkivert frå originalen 9. juni 2007. Henta 29. mars 2007.