Hopp til innhald

Elvekraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Eit lite elvekraftverk. Eit elvekraftverk kan ha noko demning-kapasistet, men det avbilda kraftverket har ikkje demning.
Demnings-kapasiteten er ikkje stor på dette elvekraftverket,Chief Joseph Dam i USA

Elvekraftverk vert lagt midt i sjølve elveløpa der store vassmengder har relativt liten fallhøgd. Desse kraftverka er avhengige av vassføringa i elva til kvar ei tid. Det kan vera vanskeleg å regulera vassføringa, og vatnet vert difor brukt når det kjem. Dette gjer at energiproduksjonen aukar vesentleg i flaumperiodar med mykje snøsmelting eller nedbør. Kraftverk som ikkje har magasin kan ikkje regulera effekten til generatorane, men er nøydde til å tilpassa effekten etter vassføringa i vassdraget. Dette er typisk for elvekraftverk. Elles ligg elvekraftverka gjerne i låglandet, medan magasinkraftverka typisk ligg i fjellet, eller har inntak i fjellet, slik at ein lettare kan generera energi ved hjelp av relativt små vassmengder med stor fallhøgd.