Heatmiser
Heatmiser | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1992-1996 | ||
Sjanger | Indie-rock Alternativ rock | ||
Plateselskap | Cavity Search Frontier Virgin Caroline | ||
Medlemmer | Elliott Smith Neil Gust Tony Lash Sam Coomes | ||
Tidlegare medlemmer | Jason Hornick Brandt Peterson |
Heatmiser var ei alternativ rock-gruppe som kom frå Portland. Gruppa bestod av Elliott Smith (gitar og vokal), Neil Gust (gitar og vokal), Brandt Peterson (bass; vart seinare erstatta av Sam Coomes, og Tony Lash (trommer)).
Neil Gust og Elliott Smith møtte og stifta gruppa saman med Jason Hornick (som gjekk på skule i nærleiken og hadde spelt i ei ungdomsskulegruppe saman med Smith). Hornick si tid i gruppa var kort, mest sannsynleg grunna studia, og snart bestod gruppa berre av Gust og Smith. Begge studerte ved Hampshire College i Amherst i Massachusetts på den tida. På klubbar i nærleiken av Northampton spelte duoen originale songar, og cover-songar av Ringo Starr og Elvis Costello.
Etter at dei var ferdige med skulegonga på Hampshire og returnerte til Portland, omorganiserte Smith og Gust gruppa til å bestå av medlemane dei er kjend for i dag (Brandt Peterson vart erstatta av Sam Coomes i 1994), Tony Lash gjekk på ungdomsskulen saman med Elliott Smith, og spelte fløyte i skulebandet. Han slutta i 1994, før det som skulle bli deira siste turne.
Diskografi
Studioalbum
- Dead Air (1993)
- Cop and Speeder (1994)
- Mic City Sons (1996)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Heatmiser» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2008.