Kolikk
Utsjånad
Kolikk (frå gresk kolon, tjukktarm) er kraftige taktvise smerter som kjem frå glatt muskulatur når røyrforma innvolar trekkjer seg i saman, t.d. tarm, urinvegar og gallevegar. Dette kan skje ved t.d. nyrestein, gallestein og mekanisk ileus.
Særleg kjend er såkalla tremånadarskolikk hos spedbarn. Denne har likevel inga klar årsak.
Kjelde
- Øyri: Norsk medisinsk ordbok