Hopp til innhald

Madhya Pradesh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Madhya Pradesh
delstat
Symbol
Forkorting: IN-MP
Land  India
Hovudstad Bhopal
Største by Indore
Areal 308 245 km²
Folketal 72 597 565 (2011)[1]
Grunnlagd 1. november 1956
Språk hindi
Kart
Madhya Pradesh
23°15′00″N 77°25′01″E / 23.25°N 77.417°E / 23.25; 77.417
Kart som viser Madhya Pradesh.
Kart som viser Madhya Pradesh.
Kart som viser Madhya Pradesh.
Wikimedia Commons: Madhya Pradesh

Madhya Pradesh (hindi मध्य प्रदेश, 'midtre landsdel') er ein delstat sentralt i India. Han er den nest største delstaten i landet, etter Rajasthan.

Madhya Pradesh grensar mot Uttar Pradesh, Chhattisgarh, Maharashtra, Gujarat og Rajasthan. Han var den største delstaten i India fram til 1. november 2000, då Chhattisgarh blei skild ut. Dei største byane er Indore, Bhopal, Jabalpur, Gwalior og Ujjain.

91 % av innbyggjarane i delstaten er hinduar. Etter offisiell klassifisering høyrer til 13,14 % undertrykte kastar og 20,63 % undertrykte stammar.

Hindi er det offisielle språket i Madhya Pradesh, der det blir tala fleire versjonar av hindustani, inkludert urdu, og nærskylde språk som avadhi, bagheli, bundeli, malvi og nimadi. Marathi og pasjto blir tala av større innvandra mindretalsgrupper, medan urfolk snakkar stammespråk som bhili, gondi, kalto, korku.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Madhya Pradesh
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.