Mariner 4
Mariner 4 var den fjerde romsonda i det Amerikanske Marinerprogrammet. Romsonda vart skoten opp 28. november 1964 på veg til planeten Mars, der Mariner 3 aldri rakk fram. Mariner sende 28 utydelege bilete av Marsoverflata. Det kunne ta ein heil dag å overføre eit einaste bilete tilbake til jorda. 5.2 millionar bits vart sende tilbake til jorda frå romsonden. Kommunikasjonen opphøyrde den 21. desember 1967.
Konklusjon
Bilete av krater og målingar av den tynne atmosfæra, tyda på ei inaktiv planet der lite tyda på intelligent liv. Det var mange mytar om at Mars-buarar fanst, men Mariner 4 konkluderte med at eventuelt liv ville bestå enklare, mindre livsformar. Atmosfærisk trykk vart målt til mellom 4.1 til 7.0 mbar (410 til 700 pascal). Temperaturen vart estimert til rundt -100 grader Celsius og noko magnetfelt rundt planeten vart ikkje registrert.
-
Det første nærbilete av Mars nokonsinne, tatt 5. juli 1965].
-
Foto som viser krater frå meteorittar.
-
Mosaikk av bilete 1&2. Atmosfæra er synleg.
-
Mosaikk av bilete 11&12.
Bakgrunnsstoff
- Nssdc Mariner 4 page Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
Mariner 4 Mission Profile Arkivert 2011-10-14 ved Wayback Machine. by NASA's Solar System Exploration
- To Mars- The Odyssey of Mariner IV - Jan 1965 (PDF)
- Processed images and mosaics from the Mariner 4 mission to Mars Arkivert 2006-03-16 ved Wayback Machine.
- Ted Stryk's Mariner 4 page Arkivert 2007-10-05 ved Wayback Machine.
Mariner-programmet | ||
Førre ferd: Mariner 3 | Neste ferd: Mariner 5 | |
Mariner 1 | Mariner 2 | Mariner 3 | Mariner 4 | Mariner 5 | Mariner 6 og 7 | Mariner 8 | Mariner 9 | Mariner 10 |