Nordre Bergenhus amt
Nordre Bergenhus Amt er eit gamalt namn på Sogn og Fjordane fylke. Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av ny dato. Før 1919 heitte fylka amt.
Bergenhus amt delt i to
Bergenhus amt vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt (seinare Hordaland fylke). Nordre Bergenhus Amt inneheldt dei fire futedøma Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Frå 1. januar 1919 er området eit fylke, Sogn og Fjordane fylke.
Kaupanger-Bergen-Lærdalsøyri-Leikanger
Den første amtmannen, Joachim de Knagenhjelm hadde sete på Kaupanger. I tida 1771-1852 budde ingen av fylkesmennene i Sogn og Fjordane; Dei heldt til i Bergen den tida dei var fylkesmenn. Frå 1840 hadde amtmannen sete i Lærdal. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen frå Lærdal til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø. Falsen selde straks etter til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte garden til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.[1]
Amtmenn
- 1763–1771 Joachim de Knagenhielm, Kaupanger
- 1771–1779 Magnus Theiste[2]
- 1780–1781 Ditlev von Pentz
- 1781–1788 Jones Ramus Petersen
- 1788–1789 Nils Dorph Gunnerus
- 1789–1794 Peter H. Harboe
- 1794–1801 Andreas Hjort
- 1802–1811 Nils Andreas Vibe
- 1811–1814 Herman Gerhardt Treschow
- 1814–1822 Christian Magnus Falsen
- 1822–1831 Edvard Hagerup
- 1831–1832 Fredrik Riis
- 1833–1844 Christian Ulrich Kastrup[3]
- 1844–1852 Hans Tostrup
- 1852–1860 Emil Aubert[4]
- 1861–1869 John Collett Falsen
- 1870–1875 Nicolai Ditlev Ammon Ræder
- 1875–1889 Carl Lauritz Mechelborg Oppen
- 1889–1902 Olaj Johan Olsen
- 1902–1910 John Utheim
- 1910–1918 Ingolf E. Christensen
Sjå òg
- Bergenhus - om ulike ting med namnet Bergenhus
- Sogn og Fjordane
Referansar
- ↑ Kulturhistorisk leksikon: "Fylkesmannsgarden på Nybø"
- ↑ Theiste vart suspendert frå embetet ved høgsterettsdom 29. november 1779 og frådømt embetet. Frå 1776 fungerte stiftamtmann Schouboe som amtmann. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine.
- ↑ Flytte til Lærdal i 1840. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine.
- ↑ Amtmann Aubert vart saman med sokneprest Sverdup heidra med minnestein i Balestrand i 1911 for skipinga av Fylkesbaatane midt på 1800-talet. DigitaltFortalt: Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane
Kjelder
- Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine..
- Sogn og Fjordane Fylkeskommune: Sogn og Fjordane fylke – det første ”Statens Hus” Arkivert 2012-03-17 ved Wayback Machine.
- Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - Kulturhistorisk leksikon: Fylkesmannsgarden på Nybø.
Bakgrunnsstoff
- Amund Helland, red. (1901). Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 1 : Nordre Bergenhus Amt Den almindelige del. Kristiania: Aschehoug.
- Amund Helland, red. (1901). Norges land og folk : topografisk-statistisk beskrevet : topografisk-statistisk beskrivelse over. 14 D. 2 : Nordre Bergenhus Amt Herrederne. Kristiania: Aschehoug.