Pelikan- og hegrefuglar
Pelikanfuglar | |
Australpelikan Pelecanus conspicillatus Foto: Diego Delso
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Aequornithes |
Orden: | Pelikanfuglar Pelecaniformes |
Infraorden: | Pelikanfuglar Tetanurae Sharpe, 1891 |
Pelikan- og hegrefuglar (Pelecaniformes) er ein biologisk orden av mellomstore og store vassfuglar. Tradisjonelt var gruppa definert som alle fuglar som har føter med symjehud mellom alle fire tærne. Difor vart dei tidlegare òg kjent under namn som totipalmates eller steganopodes.
Dei lever av fisk, blekksprut eller liknande marint liv. Hekkinga går føre seg i koloniar, men einskilde fuglar er monogame. Ungane hos dei fleste artane er nakne og hjelpelause etter klekking. Dei manglar rugeflekken.
I 2011 blei ordenen pelikanfuglar sterkt omgruppert etter klassifiseringar i Clements-rekkjefølgja. Fregattfuglar, suler, slangehalsfuglar og skarvar blei tatt ut og dannar ein ny orden, sulefuglar. Tropikkfuglar dannar sin eigen orden Phaethontiformes. I staden kom treskonebb, skuggefugl, hegrar, ibisar og skeistorkar inn i Pelecaniformes.[1][2]
Undergrupper
Ordenen Pelikan- og hegrefuglar[3] (Pelecaniformes) i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013:[4]
- Pelikanar (Pelecanidae)
- Treskonebb (Balaenicipitidae)
- Skuggefugl (Scopidae)
- Hegrar (Ardeidae)
- Ibisar og skeistorkar (Threskiornithidae)
Kjelder
Referansar
- ↑ The Clements Checklist Updates & Corrections - Feb 2011 Lest 4. juli 2012
- ↑ AOU Committee on Classification and Nomenclature (North & Middle America) 2009 N&MA Classification Committee: Proposals 2009-C Lest 4. juli 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. september 2014