Hopp til innhald

Polarsoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Polarsoleie
Polarsoleie
Polarsoleie
Status
Status i Noreg: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Underfamilie: Ranunculoideae
Stamme: Ranunculeae
Slekt: Soleieslekta Ranunculus
Art: Polarsoleie R. sulphureus
Vitskapleg namn
Ranunculus sulphureus

Polarsoleie (Ranunculus sulphureus) er ein fleirårig plante i soleiefamilien. Han har sirkumpolar utbreiing med store delar av den naturlege utbreiinga si i Noreg.[1]

Utsjånad

Planten har tjukke og kjøttfulle blad med kileforma grunn. Blada er håra på undersida. Blomeblada er tett brunhåra, honningblada er glinsande gule

Utbreiing

Polarsoleie finst i Canada, USA og på Grønland og Svalbard, nord i Noreg, Sverige og Finland og i Russland.[2] Planten veks spreidd lengst nord på fastlandet i Noreg, og er utbreidd over heile Svalbard.

Kjelder:

  1. Vik, Unni (31. desember 2021). «polarsoleie». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Flora of the Canadian Arctic Archipelago - Ranunculus sulphureus Sol.», nature.ca, henta 2. juni 2023 

Bakgrunnsstoff